– Alt i alt meiner vi det ser ganske bra ut for Høgskulen i Volda. Vi kjem bra ut av det, seier han.

Framlegget til statsbudsjettet for 2014 gir Høgskulen i Volda ein auke i løyvinga på 18 millionar kroner.

15 nye studieplassar

Regjeringa foreslår å gi 1,1 millionar kroner for vidare opptak med nye kull til dei studieplassane som vart tildelt Høgskulen i Volda i 2011. Dette gir ein auke på 15 studieplassar frå 2013 til 2014.

Regjeringa foreslår vidare ein auke på 807.000 kroner for å vidareføre satsinga på dei nye grunnskulelærarutdanningane.

Dei vil også gi ein auke på 500.000 kroner for å styrke Seanse (arena for kompetanse og utvikling av samarbeid mellom barnehage, skule og kulturfeltet).

Totalt er det foreslått ei løyving på 299,5 millionar til Høgskulen i Volda.

Barnevern

– Vi får også ei endring i utteljinga på barnevernutdanninga. Regjeringa seier at det er eit ledd i arbeidet med å auke kompetansen i barnevernet, og dermed gir dei meir pengar for å styrke barnevernspedagogutdanninga, seier Kjøde.

828.000 kroner skal gå til styrking av barnevernspedagogutdanninga.

Kjøde meiner statsbudsjettet verkar svært positivt for Høgskulen i Volda sin del.

– Så får vi sjå om den nye regjeringa legg på noko ekstra. Det veit vi jo ikkje enno.

Ålesund og Molde

Høgskulane i Ålesund og i Molde får også pengar over statsbudsjettet. I#<\p>Ålesund vil regjeringa løyve 4,2 millionar kroner for å auke opptakskapasiteten med 70 nye studieplassar. Til saman er forslaget at høgskulen skal få 225,5 millionar kroner.

I Molde er forslaget å løyve 1,1 millionar kroner til ein auke på 15 studieplassar, og totalt 187,3 millionar kroner.