Ho er dagleg leiar og instruktør ved Topp Trening i Ørsta, og gir også tilbod som personleg trenar.

– Det har vore ei auka interesse for det, heilt klart. Eg starta med å gi dette tilbodet for tre år sidan, og hadde då fire kundar. No har eg 12. Det er ikkje lenger eit luksusgode men eit lågterskeltilbod, fortel ho.

Veit ikkje korleis

Ho har alt utvida arbeidstida si for å kunne følgje opp alle dei 12, og vurderer også å jobbe meir på kveldstid for å kunne ta i mot fleire.

– Eg trur det handlar om at mange veit kva dei må gjere for å kome i betre form, men at dei ikkje veit korleis dei skal gjere det. Med ein personleg trenar får dei tett oppfølging og tilrettelagt program. Men resultata må dei framleis skape sjølve, seier Johnsen.

Viktige faktorar

Ho fortel om eit forskingsprosjekt som viste at folk med personleg trenar oppnådde betre resultat enn dei som ikkje hadde det, sjølv om dei følgde same programmet.

– Med personleg trenar tek du gjerne dei to-tre ekstra repetisjonane som det er lett å droppe om du trenar aleine.

Nokre av kundane hennar har også vore ærlege og sagt at dei truleg ikkje hadde møtt opp på trening, om det ikkje var fordi dei hadde ein avtale.

– Det er vanskelegare å skulke når du har nokon som ventar på deg. Det er ein viktig faktor, meiner Johnsen.

Vidare peikar ho på at det er ein trygg måte å trene på, noko som også tel mykje for mange.

– Ta tak

Motivasjonen for nokre av kundane er vektnedgang.

– Men ytre motivasjon er oftast ikkje sterk nok til at folk held ut lenger enn tre månader. Vi må grave litt djupare for å finne ein sterkare motivasjon til å trene.

Det handlar mellom anna om å orke meir, meiner Johnsen.

– Trening gir overskot. Når du har lite overskot orkar du mindre, og då vert du sitjande. Kjem folk seg i betre form orkar dei meir. Mange tenker at dei burde klare det sjølv, men det er greitt å få inspirasjon og rettleiing til å kome i gang.

Johnsen slår eit slag for samvitet.

– Det går ikkje ein dag utan at media skriv om kroppsideal eller trening. Alle ser det, og mange tenkjer at dei «burde». Det skaper dårleg samvit. Det er bortkasta energi. Løysinga er å anten la vere å ofre det ein tanke, eller å ta tak og gjere noko med det. Og det er sjølvsagt lett å tenke seg kva alternativ eg vil anbefale.