2014 opna med ein tørr januar der det kom berre 12 mm med nedbør, og snittemperaturen var 2,1 grader over normalen på minus 1,4 grader. Det milde vêret heldt fram i februar med ein snittemperatur på 4,8 grader, 5,1 grader over normalen. Både mars og april gav snittemperaturar som var godt over to grader varmare enn normalen, og begge månadene vart våtare enn normalt. Mai vart nesten som normalt både på temperatur og nedbør, og det same gjeld for juni. 15. juli vart den varmaste dagen i Ørsta på 45 år då gradestokken bikka 31 varmegrader. Juli vart og ein svært varm månad der snittemperaturen på 18 grader var 4,7 grader over normalen. Det var og tørrare enn normalt, og mykje flott sommarvêr. Sjølv med høge temperaturar registrerte ikkje Stokke tropenetter i løpet av månaden.

Mykje nedbør i desember

August gav oss atten dagar med nedbør, ein snittemperatur på 14,6 grader som er 1,4 grader over normalen.

– Det kom 214 mm med nedbør i august, og normalen er 145 mm. Mest nedbør, 96 mm, kom 19. august, seier Stokke.

September vart ein tørrare månad enn normalt. Det kom 138 mm nedbør og normalen er 270 mm.

– Snittemperaturen var 11,9 grader, og det er to grader over normalen. Det vart sytten dagar med nedbør, og det kom snø på Saudehornet 22. september.

I oktober kom det 308 mm med nedbør, og normalen er 250 mm.

– Snittemperaturen var på 8,7 grader, og det er 1,5 grad over normalen. Det vart 26 dagar med nedbør i oktober.

November vart ein tørr månad sett opp mot normalen. Det kom 117 mm og normalen er 250 mm. Snittemperaturen var 4,3 grader, og det er to grader over normalen.

– I desember kom det 470 mm med nedbør og normalen er 270 mm. Den høgste temperaturen var 3. desember med 8,9 grader, og den lågaste temperaturen var minus 10,3 1. juledag. Snittemperaturen var 1,3 grader, og det er 1,3 grader over normalen. Det vart 27 dagar med nedbør.

Snittemperaturen for 2014 enda på 8,3 grader og det er 2,3 grader over normalen. Totalt kom det 1.916 mm med nedbør, og normalen er 2.163 mm.