Det er venta mykje regn i Møre og Romsdal og sørover Vestlandet frå søndag formiddag. Meteorologisk Institutt har fredag sendt ut varel på gult nivå om at vi kan forvente opptil 80 mm nedbør i løpet av 12 timar på dei mest utsette stadene i Møre og Romsdal. Elles er det fare for at det vil kunne falle mellom 40 - 60 mm i løpet av 12 timar.

I samband med at det er venta mykje nedbør er det også sendt ut varsel frå NVE om fare for jord- og sørpeskred. Dette gjeld særleg i område med 30 - 60 cm snø, melder Varsom.no.

I tillegg til nedbøren vil mildvêr og mykje vind føre til at det vert ein del snøsmelting.