På det høgste vil kraftprisen vere på 1,92 kr per kWh. Det vil skje mellom kl. 16 og 17. Prisen har ikkje vore så høg sidan kuldeperioden fram mot jul.

Gjennomsnittsprisen torsdag vil vere 1,32 kr per kWh.

Dette er spotprisen på Nordpool. Forbrukarane må i tillegg betale avgifter og nettleige.