Tala kjem fram i ei landsomfattande undersøking Norstat har gjort for Frende.

– Det er tydelege forskjellar mellom fylka. Det er nesten 20 prosent forskjell mellom første og sisteplass på lista, seier fagsjef på motor i Frende Forsikring, Roger Ytre-Hauge, i ei pressemelding.

Sjåførane som har delteke i undersøkinga har svart på i kva grad dei hissar seg opp bak rattet.

– Då bør du ikkje setje deg bak rattet før du har hovudet på plass. Og når du legg ut på vegane, ikkje tråkk klampen i botn. Hald fartsgrensa, legg bort dei forstyrrande tankane og hugs god avstand til bilen framfor, seier Ytre-Hauge.

Fylkesoversikt:

1. Nordland – 74 prosent

2. Innlandet – 72 prosent

3. Oslo – 71 prosent

4. Troms og Finnmark – 67 prosent

5. Vestland – 67 prosent

6. Vestfold og Telemark – 66 prosent

7. Trøndelag – 66 prosent

8. Agder – 64 prosent

9. Viken – 63 prosent

10. Rogaland – 58 prosent

11. Møre og Romsdal – 56 prosent

(©NPK)