Forumet viser til at det nopkre stader har vorte forsøkt avgift på t.d. parkeringsplassar knytt til skiløyper, og utan at det har vore heimla i lovverekt.

– FNF Møre og Romsdal har til hensikt å følgje opp avgiftene ved turparkeringane i fylket.Dette då vi ønskjer at parkeringa ideelt sett skal vere gratis, subsidiært må det vere ei lavast mogeg lovleg avgift som er heimla i friluftslova og parkeringsforskrifta. Dette betyr at om kommuane har gitt, eller gir slikt løyve, ber vi om å få kopi av desse løyva, heiter det i rundskrivert til kommunane.

Forumet minner om at gratis-prinsippet er viktig for at alle kan delta i friluftslivet.

– Barn skal ikkje haldast utanfor. Det skjer om friluftslivet blir så dyrt at familier ikkje har råd til at ungane kan ta del i ein aktivitet. Friluftslivet blir som samfunnet elles dyrare og meir spesialisert. Berre utstyret til å drive friluftsliv er meir enn nok for enkelte familiebudsjett, ei parkeringsavgift vil kome på toppen av alle andre utgifter som er knytt til å kome seg på tur i norsk natur, heiter det frå forum for natur og friluftsliv.