– I april er det tolv år sidan eg opna opp Bailine i Volda. Eg slutta i Volda før jul, og er no klar til opne opp her i Ørsta. Eg har ein investor frå Herøy som har jobba, satsa og sett i stand slik at eg har fått det akkurat som eg vil. Vi er nok klare til å ta imot Bailine-kundane, og så vert her etter kvart fleire tilbod, seier Leni Folkestad.

For innehavaren av Studio Lenina har flytting til Ørsta vore i tankane lenge, og no etablerer ho seg i Ivar Aasen-gata 4.

– Eg har mange ørstingar som kundar. Eg bur også i Ørsta, og det gjer det mykje enklare.

Konsept for kvinner og menn

Bailine-konseptet har eit hovudfokus på vektreduksjon, kosthaldsrettleiing, mental trening og motivasjon.

– Men eg har også veldig mange smertekundar. Mange revmatikarar kjem hit, og kundar som har vore skadd og hatt problem med gjenopptrening for å få styrke i muskulaturen sin igjen. I tillegg har eg figurkundane som kjem hit for å ville bli stramma opp, og supplerer det med eigentrening. Dei har gjerne eit problemområde dei vil ha hjelp med. Så konseptet famnar mykje.

– Rettar tilbod seg hovudsakleg mot kvinner?

– Nei, konseptet var eigentleg meint for kvinner og vi hadde ikkje lov å behandle menn. No har vi heldigvis det, og eg har ein del mannlege kundar.

Gjennom snart tolv år med drift har Folkestad bygd seg opp ei stor kundemasse, og samferdselssambanda til Hornindal, Stryn og Ulsteinvik har bidrege til at fleire nyttar seg av tilbodet.

– Kundemassa mi er på Søre Sunnmøre. Det er mykje kundar frå øyane, Hornindal og Stryn. Eg har heilt klart merka effekten av utbygginga av vegsambanda.

– Trur dette blir bra

No er Folkestad klar til å starte opp i Ørsta, men det står att litt før alt er på plass.

– Eg er ikkje skikkeleg i gang. Det skal inn fleire ting i studioet, men kundane er hjarteleg velkomen og Bailine er klart. Eg er kjempenøgd med plasseringa av studioet, og trur at dette blir bra.

– Du ser for deg å halde gåande i Ørsta i mange år?

– Det skal nok bli 24-årsjubileum også, seier Folkestad med eit smil.