I 29 år har trimgruppa i Ørsta idrettslag lagt ned stor innsats i å få bygdefolket ut av godstolane og opp på fjelltoppane. At tilbodet er populært, får ein bevis på kvar gong trimåret skal oppsummerast.

Kulturhuset var søndag fullsett av folk som hadde gjort seg fortent til ymse premiar for deltakinga i aktivitetane til trimgruppa.

Stort aldersspenn

At rekrutteringa er god, fekk ein særleg sjå då 91 born kom på scena for å få kvar sin kikert for innsatsen.

Også dei gamle er godt representert i trimgruppa. Eldste deltakar på fjelltrimmen er Marta Vatne (92), medan John Welle (92) i år tok idrettsmerket for sekstiande gong. I og med at det må godkjennast sentralt først, fekk han i denne omgang tildelt merket for førtiande og femtiande gongen.

Gjekk på alle turane

Og sjølv om det har vore ein særdeles regntung sommar, let ikkje turgåarane seg skremme av det. Tretten personar gjekk på alle trimpostane i år, og fekk diplom for det.

To av dei var turveteranane Ståle Rekkedal og Ingebjørg Ryste, som har vore med i trimgruppa i høvesvis 23 og 25 år.

I år deltok dei også på fjelltrimmen på Vartdal, og gjekk såleis til totalt 56 destinasjonar i Ørsta.

– Vi likar å gå på fjellet. Det er greitt å kome seg ut på forskjellige plassar, seier Ryste.

– Men det er ikkje så mykje nytt etter kvart. Vi har vorte godt kjende i Ørsta kommune, seier Rekkedal.

– Har de nokon favoritturmål?

– Om vinteren er Kvitegga ein av dei flottaste skiturane, meiner Rekkedal.

– Melshornet er fint å gå på både sommar og vinter, og så er det så kort å gå at dei fleste kan nå fram. Saudehornet er også ein fin plass, seier Ryste.

Sprek familie

På årsfesten vart også årets turfamilie i Ørsta kåra. Det var familien Gårdsvoll Vatne som gjekk av med sigeren som den mest aktive familien. Det hadde dei ikkje venta.

– Nei, dette var overraskande. Men vi har hatt ein intern konkurranse om å gå på alle postane. Det er utruleg mange fine plassar her, og når ein først bur på ein så fin plass må ein nesten bruke naturen og få med alle borna ut, sa Atle Vatne og Janne Gårdsvoll Vatne.

Dei er takksame for at trimgruppa i Ørsta IL organiserer så mange aktivitetar gjennom året.

– Her er aktivitetar til heile familien både sommar og vinter. Det er prisverdig at folk stiller opp og brukar så mykje tid på å leggje ting til rette, seier dei.

Svak nedgang i deltakinga

Trimgruppeleiar Even Øverbø opplyser at deltakinga i trimgruppa har vore stabil, trass ein nedbørsrik sommar.

– Fjelltrimmen hadde litt lågare deltaking enn i fjor, men det var likevel bra. Trass i at det regna i heile sommar, har folk gått på tur. Sju personar har no vore med alle dei 29 åra fjelltrimmen har vore arrangert. Det byrjar snart å verte ei utfordring å finne nye postar, for vi har hatt med nesten alle stader, seier Øverbø.

Denne gjengen gjekk på alle postane på fjelltrimmen i år.
John Welle er ein skikkeleg friskus. I år tok han sitt 60. idrettsmerke!
Fullsett festsal på kulturhuset på årsfesten til Ørsta IL trimgruppa.
Ståle Rekkedal og Ingebjørg Ryste gjekk på alle fjellpostane i år, og har vore med i trimgruppa i 23 og 25 år.
Prisen for årets trimfamilie gjekk til Atle Vatne, Janne Gårdsvoll Vatne, Jeanett Gårdsvoll Nekkøy, Eirik Gårdsvoll Vatne og Håvard Gårdsvoll Vatne.