– Ikkje alle har det så bra, verken i Ørsta eller Volda. Somme har avgrensa mulegheit til å lage jul for seg og sine. Og julegåver kan det bli så som så med. Amfi Ørsta har difor bestemt seg for å samle inn julegåver til dei som av forskjellige grunnar ikkje får, eller får svært få julegåver, seier senterleiar Peder Lid.

Før jul har det difor vorte sett opp eit juletre mellom Clas Ohlson og Brio i andre etasje. Under dette treet kan alle som vil, få gje ei gåve til ein ukjent ven.

– Vi ser for oss at dei som føler for det, legg dei innpakka gåvene under treet. Kvar kveld vil gåvene verte samla inn og tekne vare på. Så vil Frelsesarmeen hente dei nokre dagar før jul. Gåvene må naturlegvis vere innpakka og merka med kven dei passar til. Til dømes: «jente 4–6 år», «gut 12–14 år» eller «vaksen dame»/«vaksen mann». Dette er viktig, elles vil ikkje gåvene kome fram til dei rette mottakarane. Ein kan i prinsippet gi kva som helst, men mat som kan bli øydelagd, bør ein ikkje gi, seier Lid.