På glatt føre var ein bilførar uheldig onsdag morgon. Bilen køyrde av vegen og hamna på taket. Ifølgje operasjonssentralen var det ikkje personskader i samband med uhellet.

Grunna kjølegare vêr og snøfall natt til onsdag er vegbana glatt enkelte stader. Det er venta meir nedbør utover dagen, og gradvis vil temperaturen synke og nedbøren vil gå over til snø.