Kring 19.45 fekk brannvesenet i Ørsta melding om ein brann  i Mosmarka. Det viste seg å vere ein bilbrann.

Det var mykje røykutvikling i området, og folk frykta at eit hus stod i brann.

Brannvernet fekk raskt kontroll over situasjonen, og like før kl. 20.00 var det heile avklart.

Brannen oppstod då bileigaren skulle starte bilen. Ingen vart skadde.