– Vi må halde oss til det tilbodet som er best, og vi vel å fokusere på Hovden som den næraste flyplassen for gjestene våre, seier direktør Richard Grov til Møre-Nytt.

Hotellet syter for opp til 4000 flyreiser i året. Før Kviven var flyplassen på Sandane eit førsteval. Slik er det ikkje lenger.

Betre tilbod

– Hovden har seks daglege avgangar til Oslo, medan Anda har to. Såleis har Hovden mykje større fleksibilitet, noko som er viktig. Dette er vesentleg i høve det å arrangere kurs- og konferansar, noko vi har mykje av, fortel Grov.

I dag er reisetida frå Loen til Anda og Hovden om lag identisk.

Dersom E39 blir flytta til Stryn med bru ved Svarstad og tunnel gjennom Utvikfjellet, meiner Grov stryningane vil kunne vere med å styrkje Sandane lufthamn.

Grov viser til at reisetida mellom Sandane lufthamn og Stryn sentrum vil med E39 i indre Nordfjord vere på 44 minutt i fylgje Statens vegvesen. Men også ei bru i midtre Nordfjord mellom Lote og Anda vil korte ned reisetida.

Frå Stryn sentrum vil avstanden bli mellom 36 til 44 minutt alt etter kor vegen går vidare nordover frå Eid, anten via Kvivsvegen eller Stigedalen.

Inntil denne stamveglina kan sjå dagens lys er Hovden det klare førsteval for Grov.

Bremsar

– Eg registrerer at Avonir bremsar ei utbygging på Hovden. Dette kan vere politisk styrt. Eg håper utbyggingsplanane snarast vert realisert. Det er heilt nødvendig.

Flyplassen i Hovdebygda er førsteval for den største reiselivsbedrifta i Sogn og Fjordane, Hotell Alexandra i Loen.

– Kvivsvegen har endra trafikkmønsteret, slår hotelldirektør Richard Grov fast. No ser han fram til at Ørsta/Volda lufthamn får utbygt terminalbygg og fasilitetar for servering.