– Vi meiner vi no har den mest moderne butikken i heile Ørsta, seier franchisetakar Arne Johan Rebbestad.

Dei siste to dagane har butikklokalet vore stengt på grunn av oppussing. Det meste har vorte gjort gradvis sidan før nyttår, og denne veka vart det siste skippertaket gjort.

Betre kjøling

– Kva er nytt, Arne Johan?

– Vi har skifta maskinrommet og fått eit nytt CO2-anlegg til kjøl og frys. Dette er eit betre og meir miljøvenleg kjølemedium. I tillegg har vi fått lukka kjølarar og frysarar. Så har vi utvida frukt- og grøntdisken, som er eitt av hovudsatsingsområda. Så har vi fått elektroniske prislappar på alle hyllene, seier Rebbestad.

Digitale LCD-skjermar som viser prisen på varene er ei svært nyttig nyvinning, fortel butikkeigaren.

– Når ein skiftar prisen i kassa, vert han automatisk oppdatert på hyllene. Tysdag fekk vi nye prisar for året. Det var fire tusen prisendringar. Når ein no får gjort dette på eit minutt, sparar ein enormt med tid. Samstundes gir det tryggleik for kundane.

Butikk i meir enn 50 år

Butikken på Vallabøen har vore i drift sidan 1962, då under namnet Asko. I 2000 gjekk butikken inn i Kiwi-kjeda, men Asko mat har framleis kjøken i ved inngangspartiet.

Butikken har opparbeidd seg mange stamkundar opp gjennom åra.

– Nærområdet vårt ligg rundt oss, og det er lite gjennomgangstrafikk. Dei fleste er fastbuande her oppe, seier Rebbestad.

– Korleis er det å drive butikk i Kiwi-kjeda?

– Det er fordelar og bakdelar er det med alle kjeder. Franchisesystemet har kanskje fått eit tøffare preg, men eg meiner dette er ein av dei beste plassane å vere om ein skal vere i ein franchise. Ein viss fridom har ein, under relativ styrte rammer.

Feira med kake

Onsdag vart nyopninga feira med kaffi og kaker til kundane. Rebbestad lovar fleire gåver til kundane utover veka.

– Her vert det både pølsefest for borna og kvalkjøt til dei vaksne, seier den blide kjøpmannen.