– Det er frivillig tvang, ler styrmann Pætur Bærentsen.

– Nei da, dette er vår store interesse, legg han til, og får samtykkjande nikk frå dei andre om bord.

Farefulle turar

Skuta heiter Westward Ho og vart bygd i 1884 i Grimsby av Leaver & Co. Ho er 26 meter lang, og har i tillegg eit baugspryd på seks meter.

– Ho vart brukt til fiske på Færøyane, Island, Grønland og Svalbard. Då var det eit mannskap på 20 om bord, fortel Bærentsen.

Under krigen vart skuta brukt på farefulle turar til Island for å kjøpe fisk. Fisken vart seld til Storbritannia.

– Det var mykje tyskarar i farvatnet, og mange skuter gjekk ned. Mellom anna ei skute som min morfar var på. Mormor mista både mannen sin og broren sin på denne måten. Det var mange skjebner, fortel Bærentsen.

Men Westward Ho klarte brasane, og heldt fram med torskefiske fram til sekstitalet. Den siste tida var det også snakk om sildefiske.

Men så vart Westward Ho lagt på land.

– Ho var ikkje eit vrak, men ho var einsam og forlaten, seier Bærentsen.

Gjekk ned

På syttitalet vart det bestemt at skuta skulle få nytt liv, og ho vart teken i bruk att. Men i 2000 sokk ho ved kai.

– Skuta vart teken opp att og tømt for alt skrap. Skroget vart frakta til Frazerborough i Skottland, og vart restaurert. I dag nyttar vi skipet til representasjon, fortel styrmannen.

Westward Ho er eigd av Torshavn kommune, og vert driven av ei foreining med frivillige.

– Vi er mange medlemmer, men berre rundt 20–25 aktive, fortel matros Jógvan Hansen.

– All arbeidskraft er frivillig. Vi jobbar på dugnad, men får tilskot for å halde skuta ved like. Vi er åtte om bord, og det er eit minimum på ein slik tur vi er på no. Vi jobbar seks i gongen, og tek skift.

– Flott tur til Noreg

Anna kvart år tek dei frivillige med seg Westward Ho til Stavanger på oljemesse som representant frå Færøyane. Kvart tredje år har dei avtale med Island om å besøke dei tradisjonsrike Sjømannsdagane. I år skulle dei ingen av delane, og dermed bestemte dei åtte om bord seg for å ta ein tur til Noreg.

– Vår kaptein har familie her, fortel Hansen.

– Og så har vi god kontakt med Per Sævik i Herøy. Han er aktiv på Færøyane. Så då tok vi turen hit. Det har vore ein veldig flott tur, og vi har møtt stor gjestfridom.

Besøkte det nye museet

Tre av mannskapet fekk besøk av konene sine på Vartdal, og saman fekk dei eit eksklusivt besøk i det nye fiskerimuseet i den nye fleirbrukshallen ved Vartdal skule. Museet vert ikkje offisielt opna før i slutten av månaden.

På museet vart mannskapet også gjenforent med kaptein Óli Hammer, som hadde besøkt slekta si på Vartdal.

– Dei næraste har dessverre gått bort, men eg har nokre få att, fortel han.

Måndag reiste det færøyiske reisefølgjet vidare til Hellesylt, og så avsluttar dei turen med ein tur til Geiranger og Ålesund.

Mannskapet på Westward Ho fekk ei eksklusiv omvisning på Vartdal fiskerimuseum. Museet opnar ikkje offisielt før i slutten av månaden.
Maskinmann Ólavur Rasmussen demonstrerer roret. - Det er ei veldig lett skute å styre, fortel han.
Skipper Óli Hammer på besøk på fiskerimuseet på Vartdal. Hammer har familie på Vartdal, og nytta høvet til å helse på dei.