– Kvivsvegen er nok årsaka, seier seksjonsleiar Knut Arve Orten Lie i Statens vegvesen.
Ferja på Hjørundfjorden, som også går innom Trandal og Standal, hadde ein nedgang i talet på køyretøy i fjor på 17,6 prosent. I alt 30.500 køyretøy reiste på strekninga. Nedgangen på personbilar var 16,2 prosent.
Unormalt
– Nedgangen er unormalt stor, og Kvivsvegen er nok årsaka. Folk har tilpassa seg andre reisemønster i regionen etter at dette sambandet opna, seier Knut Arve Orten Lie.
Strekninga Sæbø- Lekneset har låg trafikk samanlikna med mange andre ferjesamband i fylket, Sambandet er plassert i lågaste årsdøgntrafikk-klasse.
Difor er det ikkje tema å redusere rutetilbodet.
– Det handlar om å gjere tilpassingar i høve kontrakten dersom oppdragsgjevar og leverandør er samde om det. Ein må tilpasse tilbodet flest muleg, og det er vikitig å utnytte dei ressursane ein har på ein best muleg måte, seier seksjonsleiar Knut Arve Orten Lie.