Det slår Fylkesmannen i Møre og Romsdal fast.

I oktober stilte skulesjef Karin Heggen og rådgjevar Per Ivar Kongsvik i Volda kommune spørsmål til fylkesmannen om nærskuleprinsippet.

– I eit ordskifte kring skulestruktursak i Volda kommune hevdar ein politikar at «det er tilnærma opp til kommunen å fastsetje kvar skular skal ligge og kor stor kapasitet den einskilde skulen skal ha», uttalte dei då.

Med dette som bakgrunn vart det hevda at Volda kommune kan definere Volda ungdomsskule som full når tre klasser per årssteg er fylt opp. Nokre elevar som har Volda ungdomsskule som sin nærskule vil då ikkje få plass der, og opplæringslova vil då ikkje vere til hinder for å flytte desse elevane til andre skular. Dette vil igjen kunne styrke andre skular med svakt elevgrunnlag.

Feil

Grunnskuleelevar har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til. Kapasitetsomsyn gjer seg først og fremst gjeldande når skuleanlegget ikkje har plass til fleire elevar.

Volda ungdomsskule har sidan den vart bygd i 1960 hatt plass til 12 klasser. Kommunen kan dermed ikkje seie at skulen er full når der er berre ni klasser, er konklusjonen til fylkesmannen.

Dei opplyser at Utdanningsdirektoratet også har opplyst at det ikkje kan verte lagt vekt på omsyn som vil vere i strid med nærskuleprinsippet eller opplæringslova sitt føremål, til dømes lik belastning på kommunen sine skular, eller å halde oppe elevtalet på skular med svakt elevgrunnlag.