Som regel er det kjærleiken som gjer det. Men Vegard Hansen (24) flytta frå musikkstudiar i Oslo til Åmdalen grunna trekkspelmiljøet i bygda - og ikkje noko anna.

Aure

Og etter fire år i trekkspelbygda er Vegard, som kjem frå Aure, forelska som berre det i Åmdal Trekkspelklubb og bygda elles.

– Eg tok ein sjanse, og har ikkje angra. Åmdalen er ei veldig bra bygd med eit godt trekkspelmiljø. Det vert jobba godt i klubben. Opp gjennom åra, på konkurransar, syntest eg det alltid var moro å høyre åmdalingane, fortel nordmøringen som spelte på ungdomslaget sin musikkafe i bygda søndag.

Les utfyllande om musikkafeen i Møre-Nytt på tysdag.