– Kommunen har no 10,6 prosent sjukefråver, medan landsgjennomsnittet er på kring seks prosent. 70 tilsette er vekke frå arbeid kvar dagar, det kostar mykje, sa Sæbønes.Han tok opp saka i samband med handsaminga av tertialrapporten.

Rådmann Wenche Solheim sa at ho forstod bekymringa.

– Vi har jobba mykje med å få ned sjukefråveret, og prøvar på alle moglege måtar, men fråveret går ikkje ned. Dei som dett ut av arbeidslivet vert ofte langvarig sjukmelde. På rådhuset er det veldig lite kortidsfråver. Vi jobbar vidare med saka, også med heilskapskulturen, og turnusar. Men tøffe krav og høg gjennomsnittsalder gjer at fråveret ikkje vil gå veldig ned.