Slik svarar Richard Kongsteien, kommunikasjonsdirektør i Widerøe, på framlegget frå fylkesrådmannen som vil at Samferdselsdepartementet skal fjerne dagens subsidiar på Oslo-ruta og konkurranseutsetje flyruta til Oslo på bakgrunn av at ruta allereie går med overskot. Richard Kongsteien meiner ei kommersialisering vil svekkje Ørsta-Volda lufthamn mykje.

– Vert Oslo-ruta konkurranseutsett kjem det i hovudsak til å gå fly til og frå Oslo morgon og kveld. Og tilbodet vert såleis mykje dårlegare for ei stor gruppe, meiner Kongsteien.

Per i dag er altså ruta Hovden-Oslo ei tilbodsrute, og Kongstein seier det er ei årsak til dette.

Krevjande

– Kortbanenettet er i utgangspunktet eit veldig krevjande nett å få lønsam drift på. Dette handlar om høge kostnader og marginal inntening. Vi er avhengig av å tene pengar, og alle rutene våre må bere kostnadene. Det krevst i dag 39 tilsette for at eit fly kan ta av når det er fullt, altså ein tilsett per passasjer, men det er slik at eit fly sjeldan er fullt. I ein slik situasjon må ein anten ha veldig betalingsvillige passasjerar, eller så må staten inn for å halde oppe ein god struktur. Widerøe er oppteken av å halde oppe gode distrikt, og då må vi ha ein god infrastruktur gjennom gode flyruter, forklarar kommunikasjonsdirektøren.

Han åtvarar sterkt mot eit frislepp. Det trur han Vigra vil tene på.

– Sjølv med så stor etterspurnad som det er på Hovden no er denne flyplassen konkurranseutsett i høve Vigra. Veldig mange passasjerar frå ytre kjem til å gå over til å bruke Vigra ved ei kommersialisering av Oslo-ruta på Hovden. Då vert Hovden endå mindre lønsam og konsekvensen vert færre avgangar, spår Richard Kongsteien i Widerøe.

Kongsteien gjekk i si tid på Høgskulen i Volda og er også difor godt kjend med flyplassen i Hovdebygda.

– Eg veit kor fantastisk det er å ha flyplass 10 minutt frå høgskulen med gode ruter.