Natt til 3. oktober byrja det å brenne i eit bustadhus nedom Høgebrua.

Paret i bustaden vakna av at hunden deira gjødde, i tillegg til at brannvarslaren hadde gått. Paret berga og ut ein hund og to kattar.

Bustaden vart totalskadd etter røyk, varme og vatn. Brannen starta i stova, og undersøkingar på arnestaden viser at det truleg var ei elektrisk årsak til brannen opplyser politiet til Møre-Nytt.

Bustaden er klar til å verte frigjeven tilbake til eigarane.