Vartdalingane, og andre ishavsinteresserte, strøymde til då det var open dag på "Polarstar" på Vartdal laurdag.

–Ho er like fin som då ho var ny. Det er utruleg kva dei har fått til.

Dette var den typiske kommentaren mellom dei som møtte opp på Vartdal for å sjå på den nyrestaurerte ishavsskuta.

–Det er viktig å ta vare på gammal historie, seier Agnar Kaspersen. Han var ein av ishavsveteranane som møtte opp. Sjølv har han to sesongar i isen på «Veslamari» og «Veslekari». Sistnemnde truleg den mest legendariske Vartdal-skuta.

30 år sidan sist?

«Veslekari» forliste i 1988. Sidan har det visst ikkje vore ishavsskuter å sjå i den gamle ishavs- og fiskeribygda Vartdal.

–Dei seier et er 30 år sidan sist det låg ei ishavsskute ved kai her, seier Willy Nesset.

Han har vore pådrivar for restaureringa av «Polarstar», eit arbeid som har kosta rundt 20 millionar kroner.

–Skuta skal vere eit levande dokumentasjonssenter for ishavs- og fiskerihistorie, seier Nesset.

Mann av huse

Ishavs- og fiskerihistorie er det stor interesse for på Vartdal. Det kunne nesten sjå ut som om alle mannfolk over 50 år på Vartdal var innom open dag på «Polarstar». Her var nokre damer også. Slik som «ishavsdronninga» Else Karlsen frå Brandal. Det var Karlsen-reiarlaget som eigde «Polarstar» før ho vart museum.

–Tenk at eg kan stå om bord i «Polarstar» att, og å kome hit til Vartdal for å vise fram skuta. Eg må verkeleg klype meg i armen, seier Else Karlsen.

Ho hugsar godt då Vartdal-skutene bruke å kome til Brandal for å levere skinn. Bjarte Vartdal var ein av selfangarane den gongen. Han har 13 sesongar i ishavet.

–Båten har blitt kjempeflott. Dette er skikkeleg positivt, seier Bjarte Vartdal.

Veteran

Aksel Molvær frå Bondalen er og selfangstveteran, og han har fleire sesongar om bord på «Polarstar».

–Her vart nesten ikkje til å kjenne seg att, meinte Molvær.

Medan det ytre er som før er det endringar inne, med nye salongar, slik at båten kan brukast til turisttrafikk.

–Det er eit mål for oss å vise «Polarstar» fram også nordover, og på Svalbard, og kanskje kan vi drive med cruisefart der, seier Willy Nesset.

Han var overvelda over oppmøtet på Vartdal.

–Det er kjekt å sjå at det er så stor interesse. Og eg må nytte høvet til å takke Hans Olav Myklebust og sogelaget på Vartdal for at dette vart noko av, seier Willy Nesset.