– Tilsynsførarordninga må utgreiast, og det må lagast eit problemstillingsnotat i høve kartlegging og utgreiing av dette.

Det sa ordførar Stein Aam (Sp) i eit svar på ein interpellasjon frå Anbjørn S. Frislid (Frp) på siste møte i kommunestyret i Ørsta.

Frislid viste i interpellasjonen til at avisa VG hadde funne ut at 2.100 fosterborn – eller kvart fjerde fosterbarn – er utan lovpålagt tilsyn i fosterheimar i Noreg. VG viste til at minst 242 kommunar sviktar tilsyn av fosterborn. Anbjørn S. Frislid ville vite korleis situasjonen var i Ørsta som har barnevernsamarbeid med Hareid, Hornindal, Ulstein og Volda.

54 tilsyn i fjor

Ordførar Aam fortalde i svaret til Frislid at 54 krav om tilsyn i fjor var oppfylt for kommunane, medan 20 krav ikkje var oppfylte. Ordføraren peika på fleire årsaker til at born ikkje har fått dei tilsynsbesøka dei har krav på.

– Desse kan vere utanforliggande, og gjeld tilhøve som barnevernstenesta ikkje har kontroll på. Her har ein sett seg nøydd til å avslutte oppdragstakarar og finne nye tilsynsførarar. For at ordninga skal fungere, krev det jamn oppfølging i form av rettleiing og kontroll av talet på besøk, i tillegg til rapportering. Når dette blir følgt opp, viser det seg at tilsynsordninga fungerer betre, sa Aam.

Han gjorde det klart at tilsynsførarordninga frå styresmaktene er tilrådd å ligge til ein annan instans enn barnevernstenesta.

– Denne ordninga har aldri, verken på landsbasis eller i våre kommunar, fungert etter intensjonane om at barn som bur i fosterheim skal ha sin eigen tilsynsførar som skal følgje opp og besøke dei fire gonger i året, sa Aam.

Barnevernstenesta har øyremerkt ei 50 prosent stilling til oppfølging av tilsynsførarordninga, og det har ifølgje ordføraren vore lagt ned eit stort arbeid med å prøve å betre ordninga.

– Ansvaret for opplæring av tilsynsførarar er overført frå Bufetat til kommunane, og ein ser føre seg at det er nødvendig å arrangere minimum eitt slikt kurs per år. Dette har ein diverre ikkje fått til i 2017.

Andre kommunar

På eigarmøtet for ordførarar og rådmenn i mars i år opplyste barnevernssjefen at tilsyn vert utført av oppdragstakarar og er hovudsakeleg retta mot barn som er fosterheimsplassert av andre kommunar i våre kommunar. Det har lenge vanskeleg å rekruttere folk til å ta oppdraga med tilsyn, og sikre at dei held over tid.

– Det har ført til at barn ikkje har fått den oppfølginga dei har krav på i høve lovverket. Tilsynsførarordninga må utgreiast, det må lagast eit problemstillingsnotat i høve kartlegging og utgreiing av dette. Kommunane kan velje å legge tilsynsførarordninga til ein annan etat. Ansvaret burde ikkje ligge hjå Volda i høve uavhengigheitserklæringa opp mot tenesta, sa ordføraren i svaret på interpellasjonen.

Han viste også til framlegg om at tilsynsansvaret kan leggast i Ulsteinvik hjå PPT og at barnevernssjefen vil kome med eit notat om dette.

Roy-Arne Folkestad

Tilsyn: Anbjørn S. Frislid (Frp) ville har svar på om fosterheimane i Ørsta har dei tilsyna dei etter lovverket skal ha. Foto: Marius Myklebust