Natt til laurdag var det eit forsøk på å stjele diesel i Åmdalen. Men tjuvane mislukkast. Ei kanne og ein slange låg att på staden, og gjerningspersonane hadde fordufta, melder politiet.

Politiet gjennomførte elles trafikkontrollar i Ørsta sentrum natt til laurdag. Ein bilførar fekk mangellapp for breide felgar, medan ein annan fekk mangellapp for slitne dekk og ikkje godkjend senking av karosseriet.