– Vi har ikkje følgt eigne rutinar og det må vi gjere noko med, sa Børre Stensvoll, som er avdelingsdirektør for bruseksjonen i Vegdirektoratet i innlegget sitt på frukostseminaret.

Det var VG som i fjor avdekte svikt i tilsyn og vedlikehald av bruene i Noreg. Dei fortalde då at Statens vegvesen bryt reglane for årlege inspeksjonar av riks- og fylkesvegbruer. Det er no sett ned gruppe som skulle gjennomgå bruforvaltinga i sin heilskap.

– Gruppa kjem med ein rapport i mars, fortalde Stensvoll.

I Ørsta og Volda gjeld dette bruene Busetbrua, Skarbøbrua, Vassendbrua, Steindølbrua, Kalvassbrua, Stigebrua, Osdalsbrua og Grøndalsbrua.

Stort vedlikehaldsetterslep

Stensvoll gjekk òg grundig inn i kva oppgåver og plikter ein har når det gjeld tilsyn av dei om lag 17.500 bruene vi har i Noreg.

– Inspeksjonar er det mest grunnleggjande vi gjer for å vareta tryggleiken på norske bruer, sa han.

I Noreg er det fem vegregionar under Vegdirektoratet. Det er vegregionane sjølve som har ansvaret for å planleggje, gjennomføre og registrere tilstanden på bruene i sitt område.

Stensvoll fortalde vidare om vedlikehaldsetterslepet på norske bruer.

– Det ligg føre ei kartlegging av vedlikehaldsetterslepet, men den er frå 2012. Difor er det ein del usikkerheit knytt til dei tala. I førre Nasjonal transportplan (NTP) rekna ein vedlikehaldsetterslepet å vere på 5 milliardar kroner for riksvegane og 10 milliardar kroner fylkesvegane, sa han.

Vil spare på å redusere etterslepet no

Stein Gunnes, sjeføkonom i Maskinentreprenørenes forbund (MEF), heldt òg innlegg under seminaret. Han snakka om ein oppfølgingsplan for etterslep på fylkesvegane generelt.

– Oslo Economics har gjennomført ei undersøkinga for oss. Den syner at det er lønnsamt å redusere vedlikehaldsetterslepet. Om ein løyver 1,5 milliardar meir til vedlikehald på fylkesvegnettet i perioden 2018- 2029 vil det gi ein samfunnsøkonomisk nettonytte på mellom 8,3 og 11,9 milliardar kroner, sa han.

– Spennet er stort, men det er i alle høve snakk om store summar som kan komme til god nytte på andre måtar, la han til.

Gunnes fortalde òg at det har vore gjennomført andre undersøkingar, av same typen, der det har kome fram andre tal.

Eit spørsmål om midlar

Etter innlegga diskuterte fire politikarar frå Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Arne Nevra (SV), Ivar Odnes (SP), Kirsti Leirtrø (Ap) og Nils Aage Jegstad (H), diverse utfordringar knytt til tilstandsnivået på dei norske vegane. Dei fire politikarane var samde om at det ikkje er dårlege prioriteringar som ligg til grunn for etterslepet.

– Fylkeskommunen har kapasiteten til å få bukt med etterslepet, men ikkje økonomiske midlar, sa Arne Nævra (SV) under paneldebatten.

Han fekk støtte frå komitékollega Ivar Odnes (SP).

– Vi i Senterpartiet ønskte å løyve 1 milliard ekstra til fylkesvegane i vårt alternative budsjett, men det skulle vore 2,5 milliardar ekstra. Dette er ikkje snakk om dårleg prioritering, men mangel på økonomiske midlar, sa han.

Nils Aage Jegstad meinte ei slags påskjøningsordning for fylkeskommunane kunne vere ein del av løysinga. medan Kirsti Leirtrø (Ap) meinte at forskingstilskotet i vegsektoren måtte aukast, slik at ein kan få på plass nye løysingar.