Det er hovudmålet med Ørsta kommune sin masterplan for reiseliv. Planen var oppe til handsaming i Ørsta kommunestyre torsdag.
Kommunestyret meiner reiseliv har stort potensial i heile kommunen, og ser dette som eit viktig innsatsområde dei næraste åra, der det også vil bli lagt til rette for nye arbeidsplassar. Dei ønskjer også å prioritere ein oppfølgingsressurs til masterplanarbeidet, føresett tett dialog med, og støtte frå fylkeskommunen og Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
Dei seier også i vedtaket at det er viktig å sjå ulike tiltak i samanheng, mellom anna masterplan, ferjetilbod, skyssbåt, næringsfond, friluftstiltak, frivillig innsats og prosjekt og tiltak frå lokale reiselivsaktørar.
Kommunen vil samarbeide med private utbyggarar og andre aktørar for å medverke at kommunen blir tilgjengeleg for alle.
Planen hausta mange lovord i kommunestyret.
– Dette har vi venta lenge på. Satsinga på reiseliv kan få store ringverknader med arbeidsplassar og infrastruktur. Det vil kome lokalsamfunnet til gode, og også gi inntekter til kommunen. Det gler meg ekstra at det er teke inn i planen at reisande treng meir enn toppturar og guiding. Dei skal legge att meir enn hjartet her, sa Anne Sølvi Vatne (H).
– Det er viktig å minne om at ingenting skjer om ikkje innbyggjarane engasjerer seg. Alle kan engasjere seg i reiseliv. Vi må fremje turisme før alt anna, sa Inge Kolås (Frp), og heldt også fram at kommunen må vere velvillige når der kjem søknader om til dømes etablering av toalett eller andre ting ved ynda turistmål.
Paul Kristian Hovden (KrF): – Det er ei gladsak. Men om vi stikk fingeren aldri så lite i jorda så saknar eg eit økonomisk perspektiv på dette. Kva er samla ressursbruk sett opp mot primæroppgåvene våre, og det at vi vil at heile verda skal kome til oss, sa han.
– Kanskje det er på tide å slå saman næringskontoret og reiselivslaget for å effektivisere litt, spurte Karl Asgeir Sæbønes (Sp) forsiktig.
Masterplanen inneheld om lag 30 punkt/satsingsområde. Frå Urkeegga til cruisehamn i Ørsta sentrum. Heile kommunen er med.
Under kommunestyret vart det også vedteke å ta med veg til Eitrefjell, veg til Skårasalen og å vektlegge Hjørundfjordstranda med Ytre Standal, Stor-Standal og Standaleidet i planen.
Masterplanen skal vere eit grunnlag for vidare satsing på reiseliv i heile Ørsta, og målet er å skape fleire heilårs arbeidsplassar og dermed sikre levande bygder langs fjordane og aktive sentrum. Auka verdiskaping i reiselivet betyr meir verdiskaping i andre næringar. Ein slik koordinert plan med lokal forankring er også oppfatta som eit krav for ev. vidare prosjektfinansiering frå fylkeskommunen.