Rapporten fortel at dersom tiltak ikkje vert sett i verk, vil kommunen få eit underskot på nærmare tretten millionar kroner i år. I verste fall kan underskotet verte kring tjue millionar kroner.

Ordførar Rune Hovde (H) innleidde debatten med å seie at stoda er alvorleg, men han er ikkje utan håp.

– Tertialrapporten peikar på utfordringar vi har, men denne forsamlinga er i stand til å få kontroll over Ørsta kommune sin økonomi, insisterte Hovde.

Kontrollutvalet

Anne Stine Foldal Aam (SP) er leiar i kontrollutvalet til kommunen, og ho varsla at utvalet er orientert om rapporten og innhaldet i han.

– Kontrollutvalet er uroa over utviklinga, og vi er uroa over om vi vil nå måla våre. Når vi ser vekk frå eventuelle underskot i helsesektoren, som vi veit har kome før, kan vi ende opp ein plass mellom tretten og tjue millionar kroner i underskot. Det er ganske mykje pengar. Kommunestyret bør byrje å tenkje over kva ein skal gjere meir for å få orden på økonomien, sa Foldal Aam..

Hans-Olav Myklebust (Frp) slo fast at tiltaka som vart vedtekne i budsjettet enno ikkje har gjeve resultat.

Handlingsrom

– Vi ville skaffe oss sjølve handlingsrom, og drive meir positivt. No er i situasjon der vi for 2012 har ein prognose på 12, 9 millionar i underskot, og det kan verte både betre og verre. Forslaget frå formannskapet er at vi skal ta dette til vitande. Frå Frp si side vil vi foreslå tilsetjingsstopp frå og med no, sa Myklebust.

Realistisk?

Stina Aasen Lødemel (SV) stilte spørsmål om budsjettet var realistisk.

– Budsjettet skal vere eit styringsverkty, og er verkeleg budsjettet realistisk. Vi ser på månadsrapporteringa at fleire ting er foreslått utsett. Helsestasjon for ungdom er foreslått utsett til neste år. Korleis stiller vi oss til alt dette når det er vedteke gjennomført gjennom budsjettvedtaket? Undra Aasen Lødemel.

Urovekkjande

Inger Sundnes (H) meinte prognosane i rapporten er svært urovekkjande. Ho viste til at det kjem mindre frå Tussa enn føresett, at skulesektoren driv for dyrt, men at det også vert spart på at opplegget for utskrivingsklare pasientar frå helseføretaka er betra.

– Men her ein uføresett-post på fem millionar kroner, og det er dei usikre tala som uroar. Det er stor grad av uvisse knytt til heile rapporten. Rapporten forsterkar behovet for ei kriseforståing på alle nivå, sa Sundnes.

Petter Bjørdal (Ap) viste til rapporten si eiga biletgjering av situasjonen.

Samhandlingsreforma

– Det står at Ørsta-skuta tek tid å snu, og det vil gjere det med tusen tilsette. Vi må ha reservar i kommunen, og vi kan ikkje pine oss ned. Opp i denne situasjonen har vi også samhandlingsreforma som må gjennomførast. Her har Ørsta vore forbiletleg, og teke ansvar. Vi har også hatt ein organisasjonsendringsprosess, og kanskje har han teke fokus vekk frå anna arbeid. Slike prosessar skaper uro i organisasjonen, og det skal vi ha respekt for, sa Bjørdal. Han konkluderte med at det kan vere uråd å få vekk underskotet fordi inntektene til kommunen synest å vere for små.

Motkrefter

– Rapporten viser tydeleg at vi brukar meir pengar enn vi har. Vi ser også at prosessen vi er inne i har mobilisert motkrefter. Dette er ikkje enkelt, og krev samhandling på alle nivå. Vi diskuterer skulenedlegging sjølv om det ikkje er vedtak på det. Likevel har det teke full fyr. Ein kostnadsfaktor for kommunen er at vi i alt for stor grad har ei tredeling av tenestene mellom gamle Ørsta, gamle Vartdal og gamle Hjørundfjord. Denne tredelinga kan vi ikkje frede fullt og heilt. Dette er eit av områda vi setje sterkare kraft inn i, og som krev betre dialog, sa Sørheim. Han meinte også at saka om seniorpolitisk plan, der det er varsla søksmål mot kommunen, er døme på at det må til tett dialog også med dei tilsette.

– Så har vi leiinga og administrasjonen. Skal vi greie å få til prosessen vi har starta, må vi ha godt utgreidde saker. Døme på det motsette er saka om kjøkkentenestene ved sjukeheimane, sa Sørheim.

Seksten kroner sekundet

Varaordførar Paul Kristian Hovde (KrF) fortalde at ei fjerdeklasse nyleg var på rådhuset. Eit av spørsmåla frå ein elev var kor mykje pengar kommunen hadde.

– Då svara eg at vi brukar 480 millionar kroner på eit år, og det er seksten kroner i sekundet. For oss i kommunestyret handlar det om at det er nokre få øre for mykje per sekund. Utfordringa er å skaffe nye inntektskjelder, og det må vi vere meir tydelege på. Eg kan ikkje fatte at vi ikkje brukar mulegheitene vi har, sa Hovden.

Budsjettrammer

Odd Magne Vinjevoll (Frp) meite tertialrapporten sa for lite. Det var for mange spørsmål knytt til planen.

– Vi må verte tydelegare på måla vi har, og leiarane i kommunen må ha fokus på å drive innafor tildelt budsjettramme. Det må få konsekvensar at budsjettrammene vert overskride, elles kjem vi oss ikkje vidare, sa Vinjevoll.

Stein Aam (Sp) viste til at det er tøffe tider i landbruket.

Lyspunkt

– Å drive Ørsta kommune er verre enn å drive gard, sukka Aam.

Likevel meinte han det er lyspunkt.

–. Samhandlingsreforma har gått så det susar, og kommunen skal vere stolt over kva ein har fått til. I ettertid ser vi at OU-prosessen burde ha vore utsett eit år, for han har teke fokus vekk frå økonomioppgåvene. Lånegjelda er no på tre hundre millionar kroner meir enn burde hatt, sa Aam. Han håpa Tussa får selt sine eigne aksjar til ein god pris, for då kan meir pengar enn venta kome frå Tussa-systemet.

Tilsetjingsstopp

Sven Castberg (H) åtvara mot Frp-forlaget om tilsetjingsstopp.

– Vi er inne i ein prosess i helse og omsorg som vi må støtte oppunder. Det er heilt naudsynt at tilsetjingsprosessen vert starta knytt til korttidsavdelinga og heimebasert omsorg. Dette skal m.a. ende opp i ei øyblikkeleg hjelp-avdeling som vi må ha. Det er viktig at prosessane ikkje stoppar, sa Castberg.

Forslaget frå Frp om tilsetjingsstopp fekk berre Frp sine seks røyster, og tertialrapporten vart teken til vitande.

Rådmannen presiserte då også at det i stor grad allereie er tilsetjingsstopp i kommunen.

Stein Aam meiner stoda for Ørsta kommune er verre enn ho er for landbruket.