Programserien 71 Grader Nord tek utgangspunkt i ein gjeng spreke deltakarar som skal kome seg frå Lindesnes til Nordkapp på til dels krevjande måtar. No er altså filminga av 2012-sesongen i gang, og denne veka passerte gjengen gjennom Ørsta kommune.
Skårasalen
Torsdag var deltakarane til topps på Skårasalen, og fredag var dei på grusplassen ved Bygg1 på Rystelandet for å filme to duellar.
Programleiar Tom Stiansen er sparsam på opplysningar om årets sesong, men kan avsløre at deltakarane i duellane i Ørsta måtte slepe tømmerstokkar og konkurrere i ei balanseøving.
Episoden som vart filma i Ørsta vert nummer sju i rekkja, og skal visast på TVNorge i midten av oktober.
Var her også i 2009
71 Grader Nord har også tidlegare vorte filma i Ørsta. I 2009 var deltakarane med på ein sykkelkonkurranse på Sæbø. Stiansen seier det ikkje er heilt tilfeldig at dei tok turen innom Ørsta ein gong til.
– Når vi sat på toppen av Skårasalen og såg utover, såg vi kor mykje naturen her i området har å by på. Særleg når vêret er på vår side, slik det var torsdag, seier han.
Samanhengande innspeling
Kven som deltek på årets sesong er framleis ein løyndom, men Stiansen kan fortelje at ein av årets deltakarar er busett i Ørsta. Han legg til at det vert ein spanande sesong i år, med deltakarar i alderen 22 til 53 år frå mange yrkesgrupper.
Filminga går føre seg i seks intensive veker med lange dagar og ingen fridagar. Før deltakarane kom til Ørsta var dei i Svelgen, og etter innspelinga fredag heldt dei fram nordover.
Det er Nordisk Film som produserer realityserien i samarbeid med TVNorge.
I fjor var det ørstingen Birgitte Hustad Vinjevoll som gjekk av med sigeren i 71 Grader Nord.