Etter ein dårleg start fekk Ørsta sin første siger for sesongen mot Sykkylven i førre serierunde. Motstandaren 16.mai var Åram/VanKam som rykte opp frå femte divisjon i fjor, og som har overraska i sesongenstarten med tre sigrar på fire kampar. Heimelaget opna kampen mest aggressivt, utan at ein klarte å skape nokon store sjansar. Åtte minutt ut i kampen var det bortelaget som skulle ta leiinga. Torgeir Halsen kom seg gjennom Ørsta-forsvaret, og sette inn 1-0 bak Nikolai Engeset i Ørsta-målet. Det skulle ikkje ta mange minutta før laga var like langt igjen. Etter eit frispark vart det rot i forsvaret til bortelaget før Terje Rebbestad fekk stå heilt aleine og pirke ballen i mål. Begge laga var nære ved å ta føringa i kampen utover i omgangen, og målet skulle kome då det var igjen fem minutt av omgangen. Ørsta spelte seg flott gjennom på venstresida, og Rebbestad fann ein umarkert Sigurd Nybø i feltet som ordna 2-1 til heimelaget. Dette var og stillinga til pause.
Øvrebotten og Rebbestad punkterte kampen
I andre omgang var det Ørsta som hadde mest ball, og Rebbestad var aktiv på sin venstrekant. Sjølv om heimelaget hadde eit spelemessig overtak vart det ikkje skapt dei store sjansane. Bortelaget var nær ei utlikning midtvegs i omgangen på ein corner, og Nybø burde ha auka leiinga til heimelaget rett etterpå. Etter førti minutt vart kampen punktert. Mats Øvrebotten fekk ballen i feltet, gjorde ingen feil og sette inn 3-1. Nokre minutt seinare kom Rebbestad seg gjennom på venstresida, og frå skått hald ordna han 4-1. Ein fortent siger til Ørsta i ein ikkje altfor underhaldande kamp.
- Sleit med å avgjere kampen
- Det var veldig kjekt å få dei to måla i slutten av andre omgang. Vi sleit ei stund med å få avgjort kampen i andre omgang, og det bølgja litt for mykje tykkjer eg. Frå vi fekk 3-1 målet så kontrollerer vi kampen inn, seier trenar Henning Nygård.
Då vert det også 17.mai-tog i morgon?
- Det vert det uannsett, men mykje kjekkare, avsluttar Nygård.
Ørsta stilte med dette laget:
Nikolai Brune Engeset, Eskild Dagfinrud, Daniel Aakre, Lars Olav Winjevoll, Henning Nygård, Sjur Haug, Kai Henning Leira, Sindre Winjevoll, Sigurd Nybø, Mats Øvrebotten og Terje Rebbestad.
Inn på bana kom Tord Are Rudi, Vetle Dagfinrud og Cato Steinnes