Marita Bett Aakre søkjer om fritak for eigedomsskatt for seks bygningar på Bakketunet på Åkre i Hjørundfjord.Ho viser til at tre av bygningane er freda. Bakketunet er eit av eldste og mest komplette gardstuna i landet.

Kunsthuset ynskjer fritak

Volda og Ørsta kunstlag søkjer fritak for eigedomsskatt for Kunsthuset i Webjørn Svendsen-gata.

– Vi er eit frivillig lag/foreining som primært held kunstutstillingar, og har per i dag ingen tilsette, orienterer leiar og økonomiansvarleg Fredrik Christian Langlo.Han peikar på at inntektene som kunstlaget får, er provisjonssal av kunst.Kommunestyret har opna for at dei som er seine med søknader om fritak, likevel kan få dette.