Verksemda Hjørundfjord Brygge AS er i ferd med å starte ein reguleringsprosess for å få til bustadtomter på Sæbø.

Dette gjeld området mot sjøen sør for skyssbåtkaia.

Dette kjem fram av eit referat frå eit oppstartmøte representantar for selskapet har hatt med kommunen.

Av referatet går det fram at tomta er på to og ein halv daa, og at det handlar om såkalla «bybustader».

Kommunen vil i reguleringsarbeidet setje krav om at det vert teke omsyn til stormflod og flodbølgje, og vidare at det må verte sett av eit område for park mot sjøen. Der må det vere tilstrekkeleg areal til offentleg opphald og gangtrafikk/promenade.

I utgangspunktet vil det vere krav om sju parkeringsplassar til bustadkomplekset.