Mørenett AS skal ha hovudkontor i Ørsta, mens vaktsentralen skal vere i Ålesund. Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr bad om svar på kvifor Dragsund ikkje skal ha hovudkontoret for Mørenett, slik som dei har hatt for Tussa Nett. Han kunne ikkje sjå at leiinga i Tussa hadde kome med nokon argument som tilseier at det vil vere pengar å spare på å flytte hovudkontoret til Ørsta.

Konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal, forklarer det med at dei såg det som naturleg at Mørenett får adresse i Ørsta, i og med at Tussa Nett frå nyttår ikkje lenger eksisterer som eit eige selskap.

– I Ørsta ligg også hovudadministrasjonen. Tussa Nett opphøyrer som selskap, og Mørenett er eit heilt nytt selskap, og ikkje ei vidareføring av det gamle. Tyngdepunktet til Tafjord ligg i Ålesund, og tyngdepunktet til Tussa ligg i Ørsta.

Goksøyr tolkar dette som at Tussa gradvis vil fase ut verksemda i Dragsund, noko Dybdal avviste.

Redd for å tape pengar

Bakgrunnen for diskusjonen er at Herøy kommune er redde for å tape pengar på at hovudkontoret vert flytta. Med at selskapet har adresse Dragsund følgjer det også med såkalla RDA-midlar, eller kompesasjon for avviklinga av differensiert arbeidsgivaravgift. Leiinga i Tussa meiner at pengane følgjer arbeidstakarane, som framleis skal ha oppmøtestad i Dragsund, noko Goksøyr meiner å kunne motbevise.

Etter forslag frå Volda sin representant, ordførar Arild Iversen, vart det vedteke at styret i Tussa Kraft skal finne ut om endringa av adresse på hovudkontoret vil få økonomiske konsekvensar for Herøy kommune.

Generalforsamlinga gjekk elles samrøystes inn for å godkjenne fusjonen mellom nettselskapa til Tussa og Tafjord.

– Mørenett vert eit selskap med tyngde. Dette er ein stor dag. Vi dreg utviklinga i staden for å verte dregne med i turbulensen frå andre. Vi må glede oss over dette, sa styreleiar i Tussa Kraft, Gunnar Gjørtz.

Mørenett AS blir det 8. største nettselskapet i Noreg målt etter nettkapital, og vil ha 230 tilsette og 61.000 kundar i 12 kommunar på Sunnmøre.