- Det kjekkaste var den gode stemninga!

- Ja, og turen til Heimste Kopphornet!

Dei to langvegsfarande deltakarane på Bascamp Standalhytta er trøytte i bilen mot flyplassen, men nøgde. Katarina og Hannah fant info om Basecamp Standalhytta i haustferien på ut.no, og la inn ein velformulert søknad til foreldra.  Forhandlingane vet eg ikkje så myje om, men telefonen fra Hannas mor var både overraskande og hyggeleg.

- Så flott, da finn jentene deg på kontoret, og dei får sitje på til Standalhytta, og vert teken med tilbake til flyet!

Mor er nøgd. Vi er nøgde, det løyser seg som regel. Måndag ettermiddag sat to fra Hjelmeland utanfor Stavanger med to andre deltakarar i bilen på veig opp til Standalhytta.

- Håper å treffe kjekke folk, og har høyrt at fjella er fine..

- Ja, men de har har jo reist helt frå Sola med fly, de må vel ha større forventningar enn det?

Jentene hadde eigentleg ikkje det. Herleg at dei kan reise på oppdagelsesferd utan større forventningar, eller konkrete planar, eller faktakunnskap.  Mottakinga på Standalhytta var overveldande. Venner kasta seg rundt halsen på kvarandre og takka for sist, nye deltakarar vart presentert for andre. Hanna og Katarina vart bombardert med spørsmål:

- Hei, kvar kjem de frå? Tok de fly? Korleis fant de ut? Kvor skal vi bu?

Inkluderte

Dei var ikkje dei einaste som besøkte Standalhytta for første gong. Gledeleg å sjå korleis  dei «erfarne» ungdommane inkluderte dei nye. Turleiar Per Strand skapte trygge rammer første kvelden, og om litt var kjøkkengjengen i full gang med å lage middag.

Dei neste dagane fekk ungdommane padle kajakk på vatnet nedanfor hytta. Friluftsrådet for Ålesund og Omland stilte med eigen instruktør. Vanntilvenning og meistring er stikkorda, og det går rykte om at opp til fleire ungdommar vart skikkeleg våte. Ein gjeng gjekk på bålbrenningstur i Fingersida. Tre vedskier i sekken, nistemat og ein grillpinne. Treng ikkje større eller meir ambisiøse mål for å gå på tur. Gjengen som gjekk opp til Kvanndalsletta fekk nærkontakt med Kolåsbreen og «Tindejn». Dei seks som besteig Heimste Kopphornet fekk den flottaste toppturen. Fra 1.159 meter stirret dei rett ned i avgrunnen, over dalen til Standalhytta, og mot Kolåstinden som bryt siktlinja mot horisonten.

- Eg vart skuffa over at klatringa ikkje vart noko av, men elles har basecampen vore fantastisk! Folka, hytta, aktivitetane og opplevingane!

Dette inntrykket delte jentene med alle dei andre eg snakka med. Takk til turleiarane som stilte opp på frivillig basis, til studentane som var på observasjonspraksis, til friluftsrådet, og aller viktigast ungdommne. Som arrangør er det godt å sjå at basecamp Standalhytta har sett seg som konsept.

- Men kva skal eg gjøre neste år, når eg blir for gammal?

Spørjande

Eit par litt triste og spørjande auge keik opp på meg i gangen då vi gjekk. Helene vart beroliga, aldergrensa er 17 år, så neste år er innanfor. Året etter rekner eg med at ho er tilbake som turleiar for andre ungdommar som nettopp har vorte tenåringar.

Vi takkar også for gode tilbakemeldinger og vil gjere tilbodet enda betre neste gong. Velkommen tilbake i Basecamp Standalhytta i vinterferien!