Det melder kommunen på si heimeside.

100 000 kroner av disse skal nyttast til utlånssentralen. Utlånssentralen er drifta av småjobbsentralen og har alt i frå ski til sparkesyklar og skateboards,  som den som vil i Ørsta kan låne utan kostnad. Utlånssentralen hadde ein del utstyr frå før, men det var både behov for meir og for opprusting.

Resten av tilskotet, 150 000 kroner, skal gå til gratis ferieaktivitetar.

Prosjektet heiter Feriemoro og er eit samarbeid mellom frivilligsentralen og flyktningkontoret. Målet er å gi born og familiane deira gode opplevingar i feriane. Målsettinga er å hindre utanforskap,

"Utruleg kjekt at vi fekk fult tilslag på søknaden vår, i eit år det kanskje er viktigare enn nokon gong." seier Rebecca  Riise Bjerknes.