Det skriv Frp-gruppa i Volda kommunestyret, ved Odd A. Folkestad, i eit brev til Fylkesmannen. Saka gjeld reduksjon i talet på røystekrinsar - frå 16 til fem - vedteke i Volda kommunestyre torsdag 30. mars.

– Vi tolkar lovverket slik at når valkrinsar som har eksistert i mange år/generasjonar skal leggjast ned, så må det for kvar krins gjerast «nedleggingsvedtak», og samstundes gjerast vedtak om til kva ny røystekrins dei røysteføre skal overførast til. Dette gjeld for i alt 11 av 16 røystekrinsar i Volda, og slikt vedtak er ikkje gjort, skriv Folkestad.

Han held fram at så lenge eit slikt vedtak ikkje er gjort, er det Frp-gruppa si oppfatning at det vedtaket som Volda kommunestyre gjorde, er så mangelfullt at det ikkje kan verte gjennomført frå komande stortingsval til hausten. Dei bed difor om at Fylkesmannen vurderer saka formelt, sjølv om dei allereie til avisa Møre i Volda har uttalt at vedtaket er gyldig.