- Vår Pisten Bully kjem straks til å trakke over traseane og løypene i Nottane. Ein fantastisk fin langfredag med godt besøk. I dag har vi lettskya ver og 0°C oppe på fjellet, melder skisenteret på Facebook, tidleg påskeaftan.

Hovudtrekket og Nakkeltrekket er stengt, men stolheisa går og tek folk til topps til Nottane, der det ifølgje skisenteret sine heimesider er 70 cm med snø, klar til bruk.

Barneområdet er også ope, og turløypa til Åmskaret fungerer året rundt, snø eller ikkje.