Landbrukssjef Liv Bente Viddal var til stades i samfunnsutvalet denne veka og informerte om buplikt på gardane i kommunen.

– Når det gjeld personleg buplikt på ein gard, så gjeld dette i fem år. Har du budd der i fem år er du ferdig, og kan flytte. Slik er reglane for heile landet. Dei som har buplikt må vere registrert på adressa i folkeregisteret. Der er også ei lov om folkeregistrering som seier noko om kor mykje folk må opphalde seg på eigedomen, sa Viddal.

Postkasse

– Men der er ingen som kontrollerer dette, skaut Alexander Riise Olsen (Ap) inn, og fekk støtte frå Astrid Bjørdal (Ap).

– Der er mange døme i Ørsta kommune der folk har postkassa si på eigedomen, men ikkje bur der. Resultatet er at husa vert nytta som feriehus. Det er med på å bygge ned bygdene. Det må vi ta på alvor i Ørsta. Kva skjer etter at folk har vore registrert på adressa i fem år? Kva om der er folk som ønskjer å busette seg i grenda, men som ikkje finn bustad?

– Der er ikkje noko regelverk å slå i bordet med i dei tilfella, stadfesta Viddal.

Dyrare hus

Utvalsleiar Inge Kolås (Frp) stemde i.

– Det er mange tomme hus på bygdene. Markane vert haldne i hevd, det treng vi ikkje å uroe oss for, men du treng ikkje akkurat å vere rakettforskar for å forstå at dette med buplikt ikkje fungerer optimalt.

Han kom med eit framlegg til vedtak, der han mellom anna tok til orde for å foreslå ein salspris på eigedomane, som samsvarar med den tekniske verdien på bustaden.

–Noko av utfordringa i dag er at det som kan seljast, eller er til sals på bygdene vert tilbode til altfor låge prisar. Skal dette med å få lys i husa fungere, må truleg salsprisen opp på teknisk verdi. Dette gjeld enten det er snakk om enkeltståande hus eller gardsbruk. Skal vi driste oss til å seie noko om dette, og sende det ut på høyring? undra Kolås.

– Forstår eg det slik at du meiner at dyrare hus på bygdene vil gi meir busetting? undra Astrid Bjørdal.

Det stadfesta Kolås.

– Ved å setje dette på dagsorden kan vi truleg medverke til at eigarar av tomme hus går ei ekstra runde med seg sjølv og tenkjer over om huset kan verte leigd ut eller seljast, sa han.

– Dei som bur på bygdene er ikkje ute etter hus eller tomt i eit bustadfelt. Dei ser føre seg ein livsstil med god plass, og kanskje ein liten fjøs. Dei som bur og eig på bygdene må ville bygda si såpass vel at om dei ønskjer sommarhus, så skil dei ut ei lita hyttetomt. Gardane er ofte den einaste næringa som er på staden, om du ikkje skal pendle, sa Alexander Riise Olsen.

Arbeidsgruppe

Frida Gillberg (MGD) kom med forslag om å sette ned ei arbeidsgruppe som kan sjå på faktiske og praktiske ting rundt temaet «Lys i husa».

–Skal vi jobbe med noko så stort må vi gjere det skikkeleg. Vi må snakke med folk som har kompetanse på området og som kan kome med råd. Vi bør ha ei gruppe som jobbar tverrfagleg, argumenterte ho, og la til at ho meinte det var noko drastisk å auke prisane for å få fleire folk til å busette seg på bygdene.

Diskusjonen i samfunnsutvalet vart avslutta utan nokon konklusjon. I etterkant av møtet har utvalsleiar Inge Kolås sendt ein e-post til Møre-Nytt, der han skriv at han vil ta på seg ansvaret med å koordinere og sette saman ei tverrpolitisk gruppe for å jobbe vidare med temaet.

– Gruppa bør inkludere også dei ulike politiske partia i Ørsta. Det vil vere naturleg at det som kjem fram vert sendt ut til høyring og/eller orientering. Det vil også vere naturleg at «guruar» med kompetanse på bygdeutvikling vert invitert til eit ope møte på til dømes Bjørke, der oppstart for ein slik dugnad kan startast opp, skriv han.