Det seier Cecilie Rørstad, ei av dei i gruppa «unge vaksne» som på seinsommaren 2017 bad om at det vart sett i gang ein prosess med grensejustering for Viddal og Bjørke krinsar. Deira ynskjemål er at Bjørke og Viddal skal innlemmast i Nye Volda kommune.

Innbyggjargransking

Om ei veke startar innbyggjargranskinga blant alle innbyggjarar over seksten år i krinsane Viddal og Bjørke. Hovudspørsmålet der er kva kommune dei ynskjer å høyre til for framtida.

Ei problemstilling som har dukka opp, er om Hjørundfjord vert splitta, og at den sosiale og kulturelle aktiviteten som bind dei ymse grendene saman, vil verte truga av ei grensejustering.

Det avviser Rørstad, som bur på Sellereite mellom Viddal og Bjørke.

– Hjørundfjord er ei geografisk eining uansett. Det er ikkje snakk om å justere noko grense for fjorden. Han vil liggje der for alltid, seier Rørstad.

Ho meiner det vil vere opp til folk sjølv om dei vil halde fram med å vere med på sosiale og kulturelle aktivitetar som dekkjer heile fjordområdet.

– Eg kan ikkje sjå at ei grensejustering vil påverke dette. Jensaløda på Leira vil t.d. framleis vere der, seier Rørstad.

Ho har tidlegare overfor Møre-Nytt poengtert at det viktige med ei grensejustering er i eit demokratisk perspektiv. No kjøper Ørsta kommune dei fleste kommunale tenestene frå Volda og Hornindal kommune.

– Vi ynskjer å vere med på å påverke desse tenestene med å vere innbyggjarar i den kommunen som gjev desse tenestene, sa Rørstad til Møre-Nytt i september.

Ei som fryktar meir for det sosiale og kulturelle livet med ei grensejustering, er Sp-politikar Synnøve Rekkedal Hill.

– Noko av den største endringa i fjorden dei siste ti til femten åra er oppbløminga av kulturelle og sosiale møtestader. Eg fryktar at med ei grensejustering, vil noko av denne aktiviteten verte redusert, seier Rekkedal Hill.

Ho peikar på arrangement som Indiefjord på Bjørke, etableringa av Jensaløda på Leira og vingarden på Viddal.

– Her vert det organisert turar frå andre område i fjorden for å få med seg hendingar og opplevingar. Det er også fleire som køyrer med bil frå Ørsta og Volda til Sæbø, og tek samfunnsbåten frå Sæbø til Bjørke/Viddal for å få med seg hendingar. Det kan verte vanskelegare med ei grensejustering, seier Rekkedal Hill.

Ho viser då til at Ørsta kommune vil misse finansieringsgrunnlaget for båten dersom Ørsta kommune misser grunnlaget for næringsfondet – kraftinntektene frå Bjørke. Det er næringsfondet som no finansierer beredskaps- og skyssbåtordninga i Hjørundfjord.

– Kan ikkje garantere ordning

Men no garanterer ordførarane i Volda og Hornindal for at dei vil vidareføre skyssbåtordninga?

– Korleis kan dei garanterte for noko som skal vedtakast i eit nytt kommunestyre som enno ikkje er valt? Politikarane skal vere forsiktig med å love noko som dei ikkje rår over, seier Rekkedal Hill.

Ho er også leiar i Hjørundfjord kulturvernlag, og fryktar også for denne biten av kulturarbeidet dersom Viddal og Bjørke vert flytta over til Nye Volda kommune.

– I dette arbeidet har det skjedd store endringar siste åra. Vi er heilt avhengige av offentlege midlar, og det er heilt avgjerande at vi søkjer på, er forankra i kommunale kulturminneplanar. I dei åra kulturvernlaget har eksistert, kunne vi ikkje ha halde på utan den støtta vi har fått frå Ørsta kommune, seier Rekkedal Hill, og meiner det er vanskeleg å halde seg til fleire kommunar.

– Det ser vi i arbeidet med Volda og Ørsta Ballettskule, sjølv om det ikkje er samanliknbart. Frå Ørsta får vi fast støtte frå kulturmidlar. Slik er det ikkje i Volda, seier Rekkedal Hill.

skeptisk: Synnøve Rekkedal Hill (Sp) fryktar for ei sosial og kulturell oppsplitting. Foto: Janne-Marit Myklebust