På fire år – i perioden 2010 til 2014 – var det ein nedgang i folketalet på vesle Bjørke på 21 personar. I 2010 budde der 112 personar i dette området, fire år seinare var talet kome ned i 91.

Rådgjevar og konstituert stabsleiar for plan- og utvikling i kommunen, Arnstein Nupen, la fram tal om folketalsutviklinga i Ørsta fire siste åra i samband med kommunen sin budsjettkonferanse for 2016.

Tid: Ørsta kulturhus torsdag denne veka. Til stades: politikarar, administrasjon og ei rekkje kommunale leiarar.

KOSTRA, som tyder kommune-stat-rapportering, og gir statistikkar om ressursinnsats, prioriteringar og måloppnåing mellom anna i kommunar, var tema. Nupen tok mellom anna føre seg folketalsutviklinga i dei ulike delane i Ørsta.

Utviklinga er tydeleg: Bygdene vert tappa for folk og Ørsta sentrum får folketalsvekst. Men det er ikkje berre dei mest perifere bygdene som opplever nedgang. Hovdebygda, viss ein kan kalle dei ei bygd, det rette er kanskje ein førestad til Ørsta, fekk redusert folketalet med 33 personar, frå 2.223 innbyggjarar i 2010 til 2.190 innbyggjarar i 2014. Skilnaden utgjer 33 personar.

Dalane

Området Dalane har stabilt folketal. I fjor var det registrert 987 innbyggjarar i dette området. Det er ein meir enn i 2010.

Verre er det på bygdene i Hjørundfjorden der nedgangen i folketalet siste fire åra er på 42 personar. For fire år sidan budde det 959 personar i Hjørundfjorden, talet i 2014 var 917 innbyggjarar. Og verst stilt er det altså med Bjørke som har over tjue færre innbyggjarar. Kva så med Vartdal? Tendensen er sameleis der med ein nedgang på 45 innbyggjarar, frå 1.098 i 2010 til 1.053 i fjor.

Sentrum

Ørsta sentrum er «vinnaren». Dette området har siste fire åra hatt ein folketalsvekst på 303 personar. Det gjer at sentrumsskulane no er så sprengfulle at skulesjef Kirsti Øye Driveklepp på skjemt seier at det er like før elevane må bruke skulegarden til klasserom. For fire år sidan budde det 5.071 personar i Ørsta sentrumsområde. I fjor var talet kome opp i 5.374 personar. Men kvar buset innflyttarane til sentrum seg?

– Mange har flytta til områda Øvre Mo og Grepalida, fortalde Arnstein Nupen.