Natt til søndag byrja det å brenne i eit bustadhus i nærleiken av Høddvoll stadion i Ulsteinvik.

12 personar vart evakuerte frå tomannsbustaden. Alle er busette flyktningar frå Somalia og Afghanistan, melder VG. Ingen vart sakadde i brannen, og bebuarane no innlosjerte på hotell.

Politiet stadfestar overfor Sunnmørsposten at brannen er påsett. Den same bustaden var forsøkt påsett for tre veker sidan. Ein mann har tilstått denne eldpåsetjinga, så politiet utelukkar at det er snakk om same gjerningsmann.

Politiet har ingen haldepunkt for at det er samanheng mellom eldpåsetjinga og at det bur innvandrarar der, melder Sunnmørsposten. Det er førebels ingen mistenkte i saka, men etterforskinga held fram.

Aktive i Hødd

IL Hødd Fotball skriv på Facebook-sida si at fleire av borna som vart råka av brannen er aktive i idrettslaget. Dei har mista det meste av klede og sko, og fleire har teke kontakt med Hødd for å hjelpe til.

Det er no mogleg å levere inn klede og sko til dei fem gutane og tre jentene på hotellet i Ulsteinvik.