Mo klaga på at det i detaljreguleringsplanen for det nye bustadfeltet er innteikna ein gangveg frå leikeplassområdet inn til Guttormsbakkane. Denne vegen var ikkje i dei opphavlege planane, men leikeplassen er flytta grunna omsyn til at der skal vere nok sol.

– Som næraste nabo til vegen og det akutelle området, fryktar vi at det å legge til rette for gangtrafikk inn til Guttormsbakkane vil føre til auka gjennomfart, i tillegg til at leikeområdet lett kan verte lagt til Guttormsbakkane, då denne skal verte stengd, skriv ho i klaga.

Mo bad om at gangvegen vart lagt om eller fjerna.

Planutvalet seier at dei meiner gangvegkoplinga melolm Guttormsbakkane og det aktuelle området er viktig å vidareføre på grunn av tilknytinga til m.a. busstopp og det overordna gangvegnettet. Klaga vert såleis ikkje teken til følge, og vert sendt til Fylkesmannen for endeleg klagehandsaming.

– Det lettar meg at vi snart kan legge desse planane ut. Eg har fått mange førespurnader om mangel på tomter i Ørsta. Ungdomar reiser til nabobygda for å byggje. Eg må seie at det tyngar meg å høyre det. Så eg gler meg til dette kjem i orden, sa Stein Aam (Sp).