«Årlege kostnader forbundet med fedme ligg på mellom to til sju prosent av det totale helsebudsjettet i dei fleste vestlege land. Indirekte kostnader som individuelle (redusert livskvalitet og helseplager) og samfunnsmessige kostnader (nedsett produktivitet og auka trygdeytingar i samband med ufør og mindre grad av arbeidsdeltaking) kjem i tillegg.»

Nav har sidan 2010 prøvd å gjere noko med denne utviklinga, og har lykkast. Metodeutviklingsprosjektet Arbeidsretta rehabilitering for overvektige har vore gjennomført på oppdrag frå Nav av Muritunet Senter for meistring og rehabilitering, med sine samarbeidspartar og arbeidsmarknadsbedriftene Furene i Volda, Brisk og Troll-Tinn.

4-årig prosjekt

Målet med prosjektet er å hindre at personar fell ut av arbeidslivet direkte eller indirekte på grunn av overvekt. Deltakarane får oppfølging i eitt år, med både eit intensivt døgnopphald på Muritunet, og oppfølging i heimkommunen. Prosjektet kan no vise til positive forskingsresultat med mellom anna auka arbeidsdeltaking, vektreduksjon, betre psykisk helse og betre helserelatert livskvalitet.

– Etter å ha vore på institusjon og fått behandling og oppfølging og rettleiing, skal dei ta med dette heim og fortsette den gode utviklinga. Men heime er det ingen til å følgje opp og bidra til varig endring. Men då har vi vore der, seier Hege Karete Hamre frå Furene AS.

I dei 11 månadene etter opphaldet på Muritunet har attføringsbedriftene hatt rettleiing med brukarane. Dermed har dei gode vanane vorte overførte til kvardagslivet.

– Dette har heilt klart vore ein stor suksess, og særleg for dei som jobbar på sjøen. Dei vert sett på land dersom dei har for høg vekt, og der ser vi no mange gode historier. Men også i andre yrke, sjølvsagt, seier Hamre.

Samanhengen mellom resultata og den samfunnsøkonomiske gevinsten indikerer at dette prosjektet har funne ein nøkkel til å auke evna til arbeidsdeltaking, og å betre folkehelsa i Noreg.

Dei siste brukarane er på Muritun i desse dagar, og vil vere dei siste deltakarane i prosjektet som ert avslutta neste mai. Administrerande direktør Arne Sandnes på Muritunet skulle gjerne ha halde fram.

– Vi har danna oss eit klart bilete og har verifiserbare data. Eg meiner dette burde køyrt vidare. Men det er staten som eig prosjektet, og no er det tid for evaluering og vurdering, seier han.