– Vi reknar med at vegen vert opna i tolvtida fredag den 27. Arbeidet har teke noko lengre tid enn føresett, då skadane var ganske omfattande, fortel oppsynsmann Arnstein Ose i Ørsta kommune.

Vegen over Standalvegen vart stengt for gjennomkøyring for nokre veker sidan då det vart oppdaga at brua ved Myklebustsetra hadde fått omfattande skadar. Flaumen i november, og påfølgjande uver og høg vassføring i desember, hadde grave seg under fundamenta på brua, og brua vart øydelagd.

Kommunen avgjorde då at brua måtte reparerast, og Standalvegen vart stengd for gjennomkøyring.

– Vi har møtt forståing for at dette var naudsynt, og trafikantane har kome seg opp mot Standaleidet anten frå Standalsida eller Kolåssida, alt ettersom kvar hyttene deira eller ærendet deira har vore. Nokre har parkert ved brua, og gått over henne dersom det har vore den mest føremålstenlege vegen, seier Ose.

Den 27. desember skal altså brua vere klar for vanleg ferdsel igjen. Då skal betongen vere turr nok til at trafikken kan setjast på.

Det er A. Våge AS som har utført reparasjonsarbeidet, medan Ole Stokke Maskin har stått for gravearbeidet.