Dei reagerer på Møre-Nytt sitt oppslag torsdag om stor trafikknedgang på sambandet Volda-Folkestad i fjor.

– For å samanlikne trafikken i 2012 og 2013 må ein ta omsyn til at Folkestadferja har mist nattrutene, og at det er kring 235 færre avgangar i månaden samanlikna med det som var på strekninga før 1. juli i fjor. Konklusjonen er at det er trafikkauke på Volda-Folkestad også etter at Kviven kom. Dette er situasjonen også no i 2014. Trafikken gjennom Stigedalen er altså halde oppe, seier Ferjelista.

Tidlegare var det Statens vegvesen som dreiv ferja mellom Volda og Folkestad og det var dei som gjekk inn for å kutte ut nattferja.