Fredag la Ørsta kommune ut ei melding på sine heimesider der Statnett varslar at dei bruke eksplosiv i arbeidet sitt i Ørsta i vekene framover. Det er i samband med bygginga av 420 kV- lina, Ørskog–Sogndal, dette vil skje, og måndag 3. juni startar arbeidet med monteringa av faselinene i Ørsta.

– Ved avfyring kan ein høyra eit høgt, skarpt smell som ved eksplosjon i friluft. Det er inga fare for sprut eller fragment frå prosessen, men lyden kan bere langt. Det vert nytta sirene for varsling på same måte som ved fjellsprenging. Arbeidet på strekninga frå Hovdenakken til Vatnedalen vil vare i 3 veker. Vi vonar dette ikkje skapar for mykje bry for bebuarar i området, heiter det frå Statnett.