Fusjonen mellom Tafjord Kraft og Tussa Kraft sine nettselskap skal handsamast i kommunestyra torsdag. Fredag er det generalforsamling, der eigarane vil gjere eit endeleg vedtak om fusjon eller ikkje.

I tilrådinga til kommunestyra er administrasjonane positive. Dei rår til at politikarane seier ja til at generalforsamlinga i Tussa godkjenner avtalen om samanslåing av nettselskapa.

Målsetjinga for planane er å utnytte ressurstilgangen betre, skape ei meir robust industriell løysing for nettverksemda i regionen, gje grunnlag for avkastning og utbytte som i større grad samsvarar med eigarane sine forventningar, realisere synergiar og gjere verksemdene meir kostnadseffektive, betre forsyningstryggleiken, legge grunnlag for lågare nettleige over tid og å skape ein enno meir attraktiv arbeidsplass og eit sterkare fagmiljø.