Sjåføren av bosbilen merka at alt ikkje var som det skulle og svinga av E39 og stoppa ved Ørsta camping for å undersøke. Han oppdaga røykutvikling frå eine hjulet og tilkalla brannvesenet. Dei var raskt på staden og starta med avkjøling.

Også dagleg leiar for VØR, Petter Bjørdal, kom til staden for å sjå. Han kunne letta konstatere at bilen ikkje stod i fyr.

Truleg er det snakk om varmgang i eit hjullager.