Utstyrt med kjennemerkekamera, tok mannskapet frå vegvesenet først oppstilling ved flyplasskrysset i Hovdebygda. Alle bilane som passerte vart automatisk sjekka av kameraet, som varsla om dei skulle avskiltast.

Etterpå køyrde kontrollørane ei runde i sentrum for å sjå etter ungdomsbilar med feil og manglar.

– Ørsta utmerkjer seg litt negativt med ganske mange ombygde ungdomsbilar som ikkje er godkjende. Til dømes kappar dei fjørene og har solfilm på vindauga framme, noko som er direkte trafikkfarleg, seier avdelingsingeniør Thomas Skogvoll i Statens vegvesen.

Vidare tok kontrollørane oppstilling ved Prix, der dei sjekka rushtrafikken. Om kvelden tok dei ei runde til i sentrum for å sjå etter fleire ungdomsbilar i dårleg stand.

I storkontrollen skanna kameraet 945 bilar. Til saman 130 bilar vart sjekka av kontrollørane i løpet av dagen. Resultatet vart som følgjer:

* 12 bilar vart avskilta.* 12 bilar fekk køyreforbod.* Det vart skrive ut 22 kontrollsetlar og mangellappar.* 5 bilførarar fekk gebyr for slitne dekk.* 4 bilistar fekk gebyr for å ikkje bruke bilbelte.* 1 bilførar vert meld for å køyre utan førarkort.

– Dette er veldig dårlig. Vi har fått signal frå leiinga om at Ørsta-området er prioritert for auka kontrollverksemd, seier Skogvoll. Han etterlyser betre haldningar særleg blant ungdomen i Ørsta.

– Det er greitt å byggje om bilar, men då må ein gjere det på lovleg vis. Ikkje drive å kappe fjørene med vinkelslipar. Det er direkte livsfarleg, då fjørene misser forspennet sitt. Om ein køyrer over telehiv, kan ein risikere at fjørene hoppar ut av stilling, med dei følgjene det får. Dette er ikkje noko å leike seg med, seier han.

Ved Prix stod dei avskilta bilane på rekkje og rad.