Skatteoppgjeret vart klart onsdag. Det syner at folk i Møre og Romsdal har bidrege med meir enn 19 milliardar kroner i skatt, der innbyggjarane i Volda og Ørsta kommunar har stått for 1,3 milliardar av dei.

I Ørsta var det i fjor 8.035 skattytarar, medan det i Volda var 6.707 skattytarar.

Det er sjeldan førehandsutrekningane av skatt stemmer på krona. Dei fleste får difor att ein del skattepengar, medan andre må betale restskatt.

I Ørsta fekk 6.324 personar tilbake 82,5 millionar kroner på skatten, medan 1.284 personar må punge ut til saman 20,3 millionar kroner i restskatt. Dette er eit snitt på 16.154 kroner per skattebetalar.

I Volda fekk 5.289 personar tilbake 64,5 millionar kroner, medan 1.080 personar må ut med til saman 17,4 millionar kroner. Eit snitt på 15.827 kroner.

Fredag vert skattelistene publisert.