Medaljenfor internasjonal teneste vert delt ut på vegne avPolitidirektoratet og politimeisterJon Steven Hasseldal tildelte utmerkinga til dei to under fellesparola tilSunnmøre politidistrikt. Ein fullsett bankettsal med kollegaer fekk heidre deifor innsatsen med ståande applaus. Rustad og Bjørdal tenestegjorde i 2010/2011 som polititenestemenn iDarfur. Dei var då del av ”African Union/United Nations Hybridoperation in Darfur”, forkorta til UNAMID. Denne felles fredsoperasjonen erdelt mellom den Afrikanske Unionen (AU) og FN og vart formelt godkjend avSikringsrådet i FN i 2007 for å få til stabilitet i det konfliktrammaDarfur-området i Sudan. Kjerneoppgåva er å verne sivile.

Politiet si medalje vert tildelt norskpolitipersonell (både uniformerte og sivile) som har delteke i internasjonalteneste i minst seks månadar.

- Det er ein viktig innsats Bjørdal ogRustad står for, seier lensmann Guttorm Hagen i ein kommentar. Norskepolititenestemenn vert trekt fram som sers dyktige fagfolk fordi det er eitgodt stykke fagarbeid som vert utført i den internasjonale tenesta. Det erikkje utan grunn at me som er kollegaer her på lensmannskontoret er stolte avbåde utmerkinga og oppgåvene Bjørdal og Rustad her har utført.